Torsdag kveld inviterte Fitjar musikklag til marknad i kultursalen. Tradisjonelt åresal vart krydra med flott kaffimat og fin korpsmusikk, og folk strøymde til.

Amfistolane var trekt til sides og det var dekka til 140 stykke rundt småbord i salen. I tillegg måtte det berast inn ekstra stolar.

Musikklaget, som hadde litt fråfall denne kvelden på grunn av sjukdom, framførde konsertprogrammet sitt som dei fekk ein fjerde plass med i Siddis Brass i Stavanger for ei og ei halv veke sidan. Musikklaget stiller med ny dirigent i år, Torbjørn Røssland. Både dirigenten og musikantane var svært nøgde med prestasjonen sin i Stavanger, og det kunne dei og vera i kveld. Musikklaget, som tel rundt 24 medlemmer, held eit godt nivå, og det var som alltid kjekt å høyra på dei.

Musikklaget gler seg og over det høge nivået i skulekorpset for tida, og hadde invitert dei med seg på marknaden. Fitjar skulekorps, som feira 50-årsjubileum sist helg og som skal delta i ein korps-konkurranse på Sotra førstkomande laurdag, framførde og konsertprogrammet sitt på marknaden. Det rista i rytmefotet hos mange rundt borda, og på Marthe V. Nordfonn sin vokalsolo på Gabriellas song var det nok ein gong andektig stille i salen.

Dette var første gong det vart gjennomførd marknad i kultursalen, og ein kan spørja seg kvifor ingen har tenkt på det før. Musikalsk sett er det vel ingen plassar på Fitjar det er betre å spela enn her, her var det romsleg og god plass til alle som ville koma, og lett å rydda til bord og stolar.

På ein slik kveld med god mat på bordet og fin musikk ”live” på øyra sat pengane laust hos dei frammøtte, og det var langt frå alle som fekk så mange årar som dei kunne ynskja seg.

Medan musikklagsmusikantane ryddar salen slik at amfistolane kan køyrast ut igjen, seier leiar i styret i musikklaget, Kitty Træet, at dei er svært godt nøgd med å ha arrangementet her. Dette var heilt supert, strålar ho. Dei gler seg over inntektene dei har fått av alle lodda dei fekk selt, både i bøker og på årar, og så skal dei hugsa på at til neste år må dei skaffa endå fleire gevinstar, slik at dei kan selja endå fleire årar, for det vil Fitjarbuen ha.