Om lag like mykje folk som under rekordåret i fjor, god stemning og super vêr-timing, er nokre stikkord for Hatlevikbasaren i år.

Arrangørane kan trygt seie at dei vart bønnhørte med vêret. Dårleg vêr hadde det vore før basaren, og ikkje før var basaren ferdig, så kom dei første dråpane igjen.

Rune Larsen var naturleg nok eit trekkplaster i år òg, og som ein av publikum sa det: – Det var skikkeleg kjekt å høyre på songen hans, og eg synest eg fekk mykje godt med meg heim igjen ut i frå det han sa òg.

Etter dei rapportane me har fått, vart den gode stemninga ikkje dårlegare då ein Johan Kristian Nesse i storslag drog i gang auksjonen. Og om det ikkje, ifølgje Rasmus Hatlevik, kom inn like mange kroner som i fjor, vil likevel det bli eit skikkeleg beløp som vert sendt til Betelskipet Elieser 6 i år òg. Det kjem vel med i det Betelskipet nettopp har fått øydelagt girkassa si.

Og når det tradisjonen tru var på plass husorkester, gratis mat og kaffi, eit kjempemessig dugnadsarbeid, og ryfylkingen Jon Arne Helgøy, som også dette året baud over seg sjølv fleire gonger, var alle Hatlevikbasar-ingrediensane på plass denne gongen òg.