Laurdag ettermiddag skipa Øvrebygda 4H til tradisjonell haustfest i gymsalen på Øvrebygda skule.

Ein festlyd på knapt 100 barn og vaksne fekk lasagne og kaker, og gleda av å studera dei flotte arbeida som medlemmene hadde gjort ferdige til den store dagen. Tradisjonen tru stilte medlemmene ut arbeida sine i forkant av haustfesten. I år hadde 23 medlemmer fullført og fått godkjent prosjekta sine.

Særleg “form og fantasi” viste mykje kreativitet og evne til å utforma ideane sine. Imponerande var òg vedproduksjon av 10 år gamle Alfred Auestad, og ikkje minst filmprosjektet av Elin og Kristina Korsvik. Dei to jentene hadde som ein del av arbeidet sitt laga film om litt av klubbaktivitetane gjennom året. Filmen viste dei fram i tilknyting til årsmeldinga. Elles var det ein del baking, dyrestell, karate og allsidig gardsaktivitet blant prosjektarbeida.

4H-medlemmene gledde kvarandre og dei vaksne gjestene med mykje underhaldning, mat og utlodning.

Guro Holmberg frå Stord representerte 4H Hordaland og stod for utdeling av 4H-merke. Ho gratulerte òg Katrine Korsvik med fullført 4H-løp, og Plaketten, som ho vil få utdelt ved eit seinare høve. Den er eit prov på at ho har gjennomført tre år som junior og fire år som senior i 4H. Før junioralderen var Katrine aspirant i Øvrebygda 4H i to år, så ho har heile ni års fartstid i 4H.

Med og kasta glans over festen var kultursjef Bente Bjelland, som helsa frå Fitjar kommune. Ho hadde òg merka seg det høge nivået på prosjektarbeida. Frå Fitjar Bondelag helsa den gamle 4H-aren Karen E. Rydland Sæbø og frå Fitjar bygdekvinnelag helsa Karin Korsvik. 

Ingressbilete: Medlemmene i Øvrebygda 4H hadde all grunn til å vera stolte over prosjektarbeida sine.

 

steroidi orali