Det var mykje skryt å høyre frå folk når Irene Torvund og Alma Kjærland opna sin eigen julemesse vis a vis Blomaståva i Larsenbygget i ettermiddag.

– Veldig kjekt å vera her, seier dei i ein kommentar til plassen dei har sett opp utstillinga si på.

Irene Torvund har spesialisert seg på tova produkt, og ho sel òg ein del enkle bilete. -Faktisk er det desse små bileta eg sel mest av i tillegg til tova tøflar, får me vita.

Alma Kjærland er ein kunstnar som stadig fornyar seg. Dei siste år har det vore glaskunst ho har profilert seg på. Glasprodukt som ho lager heilt i frå grunnen i det ho skjer til glaset sjølv. Ikkje uventa er det mest englar ho sel.

Men begge kunstnarane har òg mange andre spennande produkt. Det er berre å ta turen og sjå.