Det var tradisjonen tru stor stemning i salen då primus motor for Fitjarrevyen, Ole Bergesen, ønskte velkomen til Sommarrevyen 2013: «Frå pol til pol – Ein revy med alle rettigheter», i går kveld.

Sjølvsagt var då vinmonopolsøknaden framme. Her møtte me ordførar Wenche (alias Ole Bergesen), med ein høgtståande russisk offiser (Henning Wichmann) som presenterte vodkamerket «Kalinka» med fitjarpoteter som ingrediens, med Torolf Larsen (alias Terje Træet) som leiar for polet – og med ei misjonskvinne (alias Ole Bergesen). som protesterte mot det heile.

Ole Bergesen var elles med i mange forskjellige settingar og er stadig ei berande kraft i revyen. (Fitjarbuen fornekta seg ikkje i år heller.)

Våre to andre lokale heltar gjorde òg ein glimrande jobb i fleire nummer. Både Oscar-en og Eikjeland-en var på plass, og Terje sin parodiering av Arvid Inge Korsvik var ein innartier, i følgje sidemannen vår som kjenner Arvid Inge svært godt.

Av gjestane synest me Hans Morten Bremseth kom godt i frå det. Både som son til Dracula som klaga på at det var så mykje blodsukker i folk no for tida at han hadde fått diabetes, som syklisten som tek det for hardt og som banksjefen som frys tunga fast i ei busstopp-stong. Den siste er ei ellevill sak i lag med Henning Wichmann som me ikkje skal røpe meir av.

Morten Bremseth avslørte at han har ei god songstemme, men fekk ikkje heilt vist seg fram på premieren. Men det tek seg nok opp etter kvart. Revyorkesteret og lyden var svært bra.

Alt i alt ein triveleg revy. Godt jobba endå ein gong av Ole & Co, og då meiner me òg kjempeinnsatsen til alle bak scena.