Medaljeutdeling. f.v. Kjell Martin Håvik NMF, Liv Mari K. Lønning og Anne Marie Larsen (20 år), Rønnaug Hestenes, Trude Stegen og Terje Træet (30 år) og Ola Rimmereid (40 år). Foto: Håkon C. Hartvedt

Kultursalen var så godt som fullsett under jubileumskonserten i går kveld. Ein konsert som så absolutt var jubilanten verdig.

Fitjar Musikklag har tidlegare, med stor suksess, hatt samarbeid med vokalistar som Rannveig Hagen Leseth, Tom Rydland  og Ole Andreas Westerheim. I går kveld fekk me høyra dei saman igjen, og me vart så visst ikkje skuffa denne gongen heller. Igjen gav dei oss som høyrde på ei oppleving av dei heilt store.

Ikkje berre har Rannveig Hagen Leseth ei nydeleg, kjenslevar, skolert  stemme. Ho har òg eit uttrykk og ei formidlingsevne som er ei heilt spesiell gåve. Ei gåve ho i går, på ein framifrå måte, delte med publikum.

 Tom Rydland har bakgrunnen sin frå ein annan sjanger enn den han syng i desse konsertane, men i går synte han på nytt at han verkeleg kan formidle både musikalar og balladar òg.

 Ole Andre Westerheim har vore eit kjempetalent i frå han var ganske liten, med fleire flotte plasseringar i Ungdommens Kulturmønstring. No er han i ferd med å etablera seg som vaksenartist, og det han synte oss i går var berre kjempeimponerande, ikkje minst måten han framførte den avsluttande Chess-låten på. Ikkje blir me overraska om han etter kvart vert å finna i endå større musikalske samanhengar.

Når me talar om solistar må me òg nemna Øyvind Skåla. Fantastisk at Fitjar Musikklag har ein slik solist i sin midte. I går overtydde han oss igjen. Klokkereint og klokkeklårt, og utruleg vakkert, kornettspel.

Jubilanten sjølv har me gjeve mange superlativar tidlegare, og me er ikkje redd for å gjera det igjen. Den fine utviklinga dei har hatt dei siste åra ser ut til å halda fram, og det er ikkje berre Skåla som kan traktera instrumentet sitt i denne gjengen. Utruleg kjekt. Me ønskjer dei både gratulerer med 60-år og ein super konsert, og lukke til med ny Siddis i Stavanger om nokre veker.

Imponert vart me òg over Fitjar skulekorps. Dei har vakse både i tal og dugleik – og er no på veg mot gamle høgder. Utruleg artig.

 

Smakfull meny 

Fitjar Musikklag skal vidare ha ros for ein spennande musikalsk meny som strekte seg frå 1940-åra og fram til vår tid, sikkert og godt losa i hamn av konferansieren, Agnar Aarskog. Ros òg til Ivar Hovland som farga lyden på ein svært god måte, både for solistane og korpsa.

I samband med jubileet vanka det elles helsingar frå ordførar Harald Rydland, frå Kjell Martin Håvik i Norges Musikkorps Forbund og frå styreformann i Fitjar Kraftlag, Johannes Koløen. Rydland peika på Musikklaget som ein kulturinstitusjon i bygda ; Håvik gav skryt både for musikken, repertoaret og samarbeidet med Fitjar Skulekorps og Koløen gledde laget storleg med ein bursdagsgåve på 50 000 kroner frå Kraftlaget.

Medaljar

Kjell Martin Håvik hadde òg den hyggjelege oppgåve å dela ut medaljar for lang og tru teneste i korpset. Liv Mari Koløen og Anne Marie Larsen fekk medalje for 20 år, Rønnaug Hestenes, Trude Stegen og Terje Træet for 30 år og Ola Rimmereid for 40. Ei ekstra helsing vart Torolf Larsen til del. Han har vore med i Musikklaget mest heilt i frå starten. I heile 59 år.

Medaljeutdeling. f.v. Kjell Martin Håvik NMF, Liv Mari K. Lønning og Anne Marie Larsen (20 år), Rønnaug Hestenes, Trude Stegen og Terje Træet (30 år) og Ola Rimmereid (40 år). Foto: Håkon C. Hartvedt

Harald Rydland helste frå Fitjar kommune. Tidlegare i år har kommunen gjeve eit pengebeløp.  Foto: Håkon C. Hartvedt
Harald Rydland helste frå Fitjar kommune. Tidlegare i år har kommunen gjeve eit pengebeløp. Foto: Håkon C. Hartvedt

Johannes Koløen kom med 50 000 kroner frå Kraftlaget. Foto: Håkon C. Hartvedt
Johannes Koløen kom med 50 000 kroner frå Kraftlaget. Foto: Håkon C. Hartvedt