Laurdag 14. mars er det klart for ny spennande konsert med Fitjar Musikklag, og innleigde artistar. Denne gongen er det Tom Rydland og Ole Andrè Westerheim som er gjestesolistar.

Suksessen med den flotte konserten til Fitjar Musikklag saman, med Rannveig Johnsen og Tom Rydland, i fjor vår, har tydelegvis gjeve meirsmak. Førstkomande laurdag er det såleis duka for ny spennande konsert. Denne gongen er temaet irsk musikk og musikk av Vamp.

Tom Rydland er òg med i år, og skal mellom anna vere solist på Tir n`a Noir og Opp i Otta, medan Ole Andre Westerheim syng solo på Postludium frå Berget det blå og Vuggevise.

Dei to vil òg ha ei lita avdeling, kvar for seg og åleine, når Musikklaget tar pause midt i konserten, som finn stad i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Ole Andre Westerheim. Arkivfoto: Håkon C. Hartvedt

Tom Rydland. Arkivfoto: Håkon C. Hartvedt
Tom Rydland. Arkivfoto: Håkon C. Hartvedt