Fitjar musikklag synte at dei er klar for konkurranse, med drivande bra musikk i Kultursalen, torsdag.

"Storebror", Sagvåg musikklag imponerte òg, ikkje minst med solisten Elisabeth Totland på kornett og med Rune Nesse på paukar og anna percussion.

Mellom dei russiske stykka Fitjar Musikklag framførte, vart me særleg begeistra for "The second waltz" av Sjostakovitsj. Eit stykke  som eigentleg er ein jazz-suite, men som let som ein wienervals. Dirigent Per Olav Paulsen fekk endå ein gong synt fram at han er ein glimrande instruktør og dirigent. Både han og musikklaget er tydelegvis klar for konkurransane som ventar.