Fitjar Musikklag skapte denne helga fest rundt laurdagshandelen med friskt spel utanfor butikkane i Fitjar sentrum.

-Me ville laga litt liv, og samstundes reklamera litt for oss sjølve. Saken er at me treng nye medlemar, særleg på kornett. Instrumenta har me, men me manglar folka, seier Kitty Træet, engasjert, til Fitjarposten.

Ho fortel vidare at dei startar opp igjen med øvingane 17. august, at dei skal delta på opningsarrangementet i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg 9. september – og at dei har som mål å gjera det bra på SIDDIS-konkurransen i Stavanger i november.

-Få òg med at me er ein svært sosial gjeng som har ein fantastisk fin tone mellom oss – både musikalsk og verbalt, seier Kitty til slutt.

Dirigent for Fitjar Musikklag er Per Olav Paulsen.