Fitjar musikklag jubilerer og byd inn til storkonsert på laurdag.

Her vil me mellom anna få lytta til Rannveig Hagen Johnsen, Tom Rydland og Ole Andrè Westerheim som tidlegare har delteke på Musikklaget sine konsertar. I tillegg vil me få høyra Siddisprogrammet Fitjar Musikklag skal ha i november.

Under konserten vil ein representant frå NMF dela ut diplomar og medaljar for lang og tru teneste innan korpsrørsla.

Fitjar skulekorps vert òg med.

Etter konserten vil så Fitjar Musikklag feira seg sjølv, og sine 60 år, med jubileumsmiddag på Fitjar Fjordhotell.