Det var mykje musikkglede på babysong og småbarnstreff i vår og førstkomande tysdag er det igjen oppstart av småbarnstreff og nytt babysongkurs på Fitjar bedehus.

Våren 2015 deltok 11 babyar på babysongkurs saman med ein av foreldra sine. Ei flott gruppe med herlege smårollingar som hadde åtte kjekke samlingar med song, musikk, rørsle og sosialt fellesskap på loftet på Fitjar bedehus. Dei vaksne kosa seg og uttalte at dei satte ekstra pris på fellesskapet med andre babyforeldre.  Samstundes var større ungar med føresette samla til songstund, nistemåltid og leik og prat i hovudetasjen på Fitjar bedehus. Her var det meir høglytt liv og røre og mest populært av alt var tromma. Fleire ungar uttalte at dette var vekas høgdepunkt. 

Denne veka startar småbarnstreff opp att, i år på tysdagar, i partalsveker. Dette er eit gratistilbod og ein treng ikkje melda seg på. Det er berre å ta med nista og kopp og møta opp klokka 10.30 på Fitjar bedehus. 

Tysdag startar og nytt babysongkurs. Her er det påmelding og fristen er allereie ute, men det er nokre få ledige plassar att om det skulle vera fleire interesserte. Spørsmål og påmelding kan skje til Astrid K. Prestbø på tlf 976 25 833 eller Helga Rimmereid på telefon 975 28 001.

Ingressbilete: Nokre av deltakarane på babysongkurset våren 2015: Tove Camilla med Tilde, Torstein med Anne, Elin med Birgitte, Annlaug med Eskil, Hildegunn med Fabian, Siv Merethe med Arica og Urd med Ingrid. Foto: Astrid K. Prestbø 


Foto: Helga Rimmereid