Fem studentar frå HSH – Høgskulen Stord/Haugesund – trollbatt elevane med musikkformidlingsprosjektet sitt fredag.

«Sånn jeg er» hadde dei kalla prosjektet sitt som dei framførte – saman med ein del av elevane – for heile skulen i Øvrebygda fredag. Temaet var å godta seg sjølv slik ein er. Avslutningskonserten var den utøvande delen av eksamen for dei fem studentane som går på årskurset i musikk ved Høgskulen Stord/Haugesund. For fleire av studentane er dette ein del av ei fireårig allmennlærarutdanning. I dag var musikklærar Kari Holdhus til stades med videokamera. Ho tok opp heile framsyninga, men kunne ikkje seia om dei fem studentane stod til eksamen. No skal opptaket sendast til ekstern sensor for vurdering.

Men skal me dømma etter reaksjonane frå elevane i Øvrebygda, skulle dei liggja godt an. To veker har dei fem musikkstudentane brukt på prosjektet, dei to siste dagane saman med elevane ved Øvrebygda skule. At dei berre hadde hatt ein dag til å samarbeida med elevane var uråd å merka. Det var nok eit godt grep å dela ut ein CD på førehand med låten «Born this way» av Lady Gaga. Tonen under dagens framføring var i alle høve god og avslappa, og elevane i 4.-6. klasse var med for fullt. Det var tilløp til jubel rett som det var, spesielt under framføringa av «Vem kan segla førutan vind».

Studentane fortel at det har vore kjekt å arbeida med elevane, og det var ikkje vanskeleg å sjå at forholdet var gjensidig. Studentane fekk ikkje lov å gi seg før dei hadde framført avslutningsnummeret ein ekstra gong, og heller ikkje då ville elevane sleppa dei. Det var tydeleg at studentane hadde møtt elevane heime. Eit triveleg avbrekk i skulekvardagen, og sikkert eit bidrag til å godta seg sjølv!