Lærarar frå kulturskulen var på turne i barnehagane torsdag føremiddag. Det handla om musikk og promp, og det må vel vera midt i blinken for denne aldersgruppa.

Det var kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen og pianolærar Orlaug K. Evensen som var innom alle dei fire barnehagane i bygda med forteljinga om Arkimedes i Prompeland. Fitjarposten fekk vera med på den siste plassen som var Årskog barnehage. Det lukta potetstappe og pølse då me kom inn døra. Ungane var nett ferdig med føremiddagsmaten. Det var ein fredeleg liten gjeng her i det brune huset i Årskog. «Me er nesten fleire vaksne enn ungar», sa dei vaksne unnskyldande. «Vanlegvis er det 16 ungar her, i dag er det berre åtte.»

Både ungane og dei vaksne fekk god plass i sofaen. Gutane flokka seg rundt Halvor Larsen som hadde Operasjon dagsverk-dagen sin i barnehagen. Dette var hans største ynskje, og han ville vera her om han så skulle betala løna si sjølv.

Fleire av ungane hugsar godt at Anne Lene og Orlaug har vore i barnehagen før. «Ja, det var før jul i fjor», kom det raskt frå ein av dei største gutane. Musikkdamene har tydelegvis gjort inntrykk. Anne Lene og Orlaug syntes det var kjekt å vera tilbake, men denne gongen utan fløyta og fiolin, berre med eit medbrakt piano. «I dag vert det litt annleis», forklarde Anne Lene, og tok til å fortelja historia om «Arkimedes i Prompeland». Historia handlar om jenta Eureka, katten hennar Arkimedes og pappaen til Eureka. Pappaen ligg i badekaret med bollemagen i veret og lagar prompebobler. Han fis så mykje fordi harn har vore for lenge i Prompeland, seier han. Eureka trur ikkje at Prompeland finst, men pappaen vil vise ho  noko anna.

Anne Lene var god til å fortelja og Orlaug forsterka handlinga og stemninga med tilpassa bakgrunnsmusikk på piano. Ungane sat som fjetra. Nokre drog litt på smilebandet av pappaen til Eureka som prompa så mykje. Elles sat dei med lange halsar, såg på bileta Anne Lene synte og høyrde ho fortelja om Eureka som reiste til Prompeland. Boka som historia er henta frå er på nynorsk og er skriven av Hans Sande frå Kvinnherad. «Han skal forresten vera festivalforfattar under Falturiltu-festivalen i år», fortel Anne Lene etterpå. Dei hadde måtta korta litt ned på fortelljnga for at den ikkje skulle verta for lang, men ein skal ikkje sjå vekk frå at både ungar og vaksne i barnhagen tek ein tur på biblioteket eller bokhandelen for å skaffa seg boka slik at dei kan kosa seg meir med denne morosame forteljinga. Korleis det enda det vil me ikkje røpa.

Kulturskulelærarane, som etter denne framføringa hadde besøkt fire barnehagar denne dagen, syntes det hadde vore både kjekt og vellukka. Responsen hadde vore svært ulik i dei forskjellige barnehagane, det var ikkje alle som var like rolege som gjengen i Årskog, men det var uansett positiv respons. Det var heilt nytt for Anne Lene og Orlaug å leggja inn ei slik fortelling i musikkstunda. Det fungerte likevel veldig fint og kan gjerne gjentakast, viss då ikkje desse to kreative og musikalske damene finn på noko heilt anna til neste gong.  For fleire besøk vert det. Tradisjonen med årlege barnehagebesøk vert nok ikkje broten med det første.

«Ha-da», ropar ungane i Årskog barnehage frå garderoben, då musikkdamene går ut døra med notar, bok og piano under armen. No skal dei sjølv ta på seg regnklede for å gå ut og leika, og spesielt gutane gler seg til å ta med seg Halvor i sandkassen og på reilene. Dette var ein drøymedag, for både smågutane og Halvor.