Både store og små koste seg då Fitjar folkebibliotek arrangerte musikalsk lesestund for babyar/småbarn i går.

Som tidlegare var det bibliotekar Sije Vågen Torbjørnsen og kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen som stod for opplegget. Silje fortalde historien om «Lille larven aldri mett» ved hjelp av konkretar. Det vil seie at ein «larvedukke» var sentral i opplegget. Ei dukke som dei minste fekk både sjå og ta på. Innimellom spelte Anne Lene små melodiar på klokkespel eller blokkfløyte.

Og det fenga. Borna sat som tende lys, og det var mykje skryt frå dei vaksne om lesestunda etterpå.

Men det var ikkje over med det.

Etterpå snakka bibliotekar Silje til dei vaksne om kor viktig det er at foreldre startar tidleg med å lese for borna – og introduserer bøker for dei. Det vil utvide ordforrådet og fantasien deira, noko som forsking syner vil gi positiv effekt når dei begynner på skulen. Spesielt bra er det om far tek seg tid til å lese for dei små, syner den same forskinga.

Før det heile var over var det sett av tid til kosestund der dei minste fekk bli litt meir kjende med både bibliotek og bøker.