Fitjar skulekorps med solistar fekk det til å svinga mot dei himmelske høgder under filmkonserten i kultursalen laurdag kveld.

Korpset utmerka seg med fin lyd, god dynamikk, svært reint spel, god samklang og strålande enkeltprestasjonar, og songsolistane som var henta frå eigne rekkjer var med og gjorde konserten perfekt. Nivået og stemninga var lagt lenge før første tone var satt, då publikum vart møtt av raud løpar, kanapear, mozell i stettglas og lukt av nypoppa popcorn i foajeen. Musikantane, for høvet stilig iført svarte bukser, kvite skjorter og tversover-sløyfer, oppførde seg meir profesjonelt enn nokon gong før både under innmarsjen og framføringane på scenen. 

Iherdig øving over lang tid førde til ei perfekt framføring. Det aller, aller meste sat heilt som det skulle, langt meir perfekt enn ein kan forventa av ein gjeng med unge musikarar og songarar. Den populære filmmusikken slo godt an hos publikum, som til tider vart rørt til tårer av det dei fekk høyra. Etter at korpset tok dei første trygge tonane av Supermann, vart me hensatt til filmens verden og det tok ikkje langt tid før det tok til å rista i taktfoten, anten den høyrde til ei korpssjel, ei rockesjel eller ei klassisk sjel. Musikken var svært publikumsvenleg og fall i smak hos alle. Så kunne ein og sjå at flokken med  flinke ungdomar på scenen og likte det dei spelte.

Songsolistane Marthe Volden Nordfonn, Silje Rydland, Audun Arthur Mehammer, Edith Helland og Tom Rydland kom alle godt fram saman med korpset. Ein god del av æra for det skal lydmann Årstein Tislevoll ha. Men stemmene, klangen, rytmen, tonane og innlevinga bar solistane sjølv. Marthe har me høyrd mange gongar før. Ho har etterkvart fått ei vaksen stemma, og særleg på dei lave tonane imponerer ho med svært god klang og styrke. Hennar truverdige framføring med naturleg innleving i den sterke songen frå Så som i himmelen: Gabriellas song, gjekk som alltid rett til hjerta. Marthe og Silje har stemmer som kler kvarandre godt, og med Silje sin styrke i høgden og Marthe sin styrke i djupna utfyller dei kvarandre godt, og mitt personlege høgdepunkt under  konserten var deira framføring av  Enya-songen Book of days frå filmen Far and away. Nydeleg balanse mellom solistar og korps, svært god klang i korpset og ein nydeleg duett, det finnes ikkje superlativ nok til å beskriva den framføringa. 

Det var lagt inn ein kjekk pause i konserten. Då var det kafe i foajeen for publikum, og musikarane fekk ein velfortent pause «back-stage».

Etter konserten vanka det velfortente blomar og ros til dirigent, songsolistar og Sigbjørn Rørvik som hadde ordna til med passande bilete på storskjerm under heile konserten.

Alt var så flott at eg kunne ha lyst å nemna kvar ein musikar spesielt og gått gjennom kvart musikkstykket detaljert. Men det ville teke altfor stor plass. Dei som var der fekk oppleva alt det eg ville sagt og ber det nok med seg vidare, og resten av bygdefolket, ja, dei gjekk glipp av ein strålande konsert som ikkje kan opplevast gjennom dei skrivne ord!