Fint pynta, med spenning i blikket og lett nervøse fakter deltok 17 av kulturskulen sine vel hundre elevar under foajekonserten torsdag kveld.

Det var heilt fullt i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg då kulturskulen inviterte til konsert torsdag kveld. Gjennomsnittsalderen på musikarane var lav, og ein god del av haustens nye elevar hadde sin konsert-debut akkurat denne kvelden. Elevane hadde førebudd seg godt, mange kunne det dei skulle spela eller synga utanåt og publikum fekk servert mykje flott musikk.

Me fekk for første gong høyra dei nye fiolinelevane til Orlaug K. Evensen, Eirin Moldestad Oma, Stina Vik og Mathilde Rydland, og fire nye fløyteelevar viste oss at det er god og fin tilvekst på denne instrumentgruppa og.

Det er 48 gutar i kulturskulen, men berre ein av desse, pianisten Sigbjørn Torkelsen, deltok på denne konserten. Som alltid på kulturskulen sine konsertar var det mange flinke pianoelevar i sving. I tillegg til Sigbjørn var det Sofie Rimmereid, Thea Træet, Åse Underhaug, Rea Motrivic, Nora Hovland, Miriam Træet, Kristine Underhaug og Marie M. Oma. Me merka oss særleg Kristine sin Polka, som fekk det til å kribla i dansefoten, og Nora sin Rosa panter som kalla fram klåre 80-tals teiknefilm-bilete i hovudet vårt.

Lena Tislevoll, som var den einaste songaren me fekk høyra, framførde Calefonia king bed av Rhianna. Ho kunne songen sin utanåt, vart med det friare, og fekk slik god kontakt med publikum.

Etter konserten vanka det som vanleg sjokolade til alle som hadde delteke, og i det kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen tok fram sjokoladeposen, kom det rungande latter frå dei yngste aktørane som visste å setta pris på påskjøninga.

Anne Lene minna om at i heile veke 41 er det haustferie i kulturskulen, og at kulturskulen ynskjer å få til eit foreldre arbeidsutval  (FAU). Dei som kan tenkja seg å vera med i utvalet, eller som kjenner til nokon gode kandidatar, kan ta kontakt med Anne Lene på kulturskulekontoret.