Førstkomande laurdag vert det både storbandkonsert med Breibandet Bigband og mogelegheit til å høyre Voice-kjende Kim Rune Hagen med band på Fitjar Fjordhotell. Bilete: Breibandet

Først ut er Breibandet Bigband. Breibandet består av ei rekkje musikarar frå Stord og Fitjar som spelar tradisjonell storband musikk av mellom anna Chuck Mangione, Sammy Nestico, Frank Sinatra og Weather Report, for å nemna nokon. 

Vokalist for kvelden er Silje Rydland og konferansier er Alf Bjelland. Konsertstart er kl. 21.30.

Etter konserten med Breibandet kjem så Kim Rune Hagen m/Band. Kim Rune er deltakar i årets The Voice som går på TV2.

 

Litt meir om Breibandet

  • Breibandet Big Band vart starta på initiativ av Rune Koppang. Han samla saman folk han ville spela med og starta bandet i 2011.
  • Musikksjangeren går i frå slutten på 40-talet og fram til midt på 80-talet
  • Målsetjinga var å få med ungdom, få dei til å lika denne genren og at dei vil sleppa seg laus og spela improviserte soloar.
  • Dei har med ungdom i fra 10. klasse og opp til litt godt vaksne.