Torsdag 13. mars inviterer biblioteket og kulturskulen til musikalsk lesestund for barn 0-3 år.


– Det er aldri for tidleg å starte å lese for ungane eller ta dei med i biblioteket, seier bibliotekar Silje V. Torbjørnsen og inviterer til eventyrstund med musikk, sang og utforsking av biblioteket, torsdag.

I tillegg legg ein opp til samtale om kva ein oppnår ved å lesa for ungane.

Det vert òg enkel servering. 

Sjå annonse til høgre på denne sida.