Dette var ein av tekstane som elevane song på avslutningsfesten denne veka.

Lærar Solveig Jæger ønskte velkommen til fest på Øvrebygda skule og introduserte programmet som elevane hadde øvd på i lengre tid. Dei  gjorde ein flott innsats då dei framførte musikk-spelet Mozart i hundre. Me er samde med rektor Sigbjørn Aarland då ha takka elevane for innsatsen og sa at det var ei kjempeførestilling.

For å oppnå dette krevst det spesielt tolmod og uthaldenhet. Skodespelarane hugsa replikkane og mange akter gav variasjon i framføringa som og inneheldt dans, solosong, duett og fellessong ved alle elevane eller klassedelte grupper. Handlinga i spelet føregjekk i Café Den Magiske Fløyte, der Mozart var vikar-kelner.

Gymnastikksalen var fullsett med foreldre og sysken, ja kanskje nokre besteforeldre og, forutan elevar, lærarar og andre tilsette. Publikum sin applaus gav tydeleg uttrykk for begeistring og takk for elevane sin innsats. Takken gjeld også dei tilsette som har stått i bresjen for alle øktene med øving på førehand.

Etter ei kort matpause vart det markert at 11 elevar avsluttar sin sjuårige skulegang i Øvrebygda. Dei fekk ei lita minnegåve frå rektor og det vart utveksla gåver mellom klassen og kontaktlæraren deira. I august er det åtte born som skal begynne i første klasse. Seks av desse var tilstades på festen og dei vart presenterte for publikum.

Då festen var til ende minna rektor om utstillinga som stod ute i hallen. Det var vel verdt å ta ein titt på formingsarbeida i tre, tekstil, keramikk og teikning.