FMV ved verftsdirektør Hugo Strand mottok i går Næringsprisen for 2012 med sjø rundt seg på alle kantar.

Næringsprisen vart nemleg utdelt på Årsmøtet til Fitjar Næringsråd som vart halde på Engesund Fiskeoppdrett sitt Visningssenter.

Grunngjevinga for å gi prisen til FMV er slik:

«Næringsprisen 2012 går til Fitjar mekaniske verkstad v/Hugo Strand. Verftet har på ein imponerande måte reist seg frå å liggja med «broten rygg» til igjen å bli ein svært viktig aktør og hjørnesteinsbedrift  i næringslivet i Fitjar. Dei skaffar mange arbeidsplassar og må særskild berømmast for å satse på unge leiarar, rekruttert frå lokalmiljøet i Fitjar. Dei framstår òg som eit ryddig velstelt verft.»

Hugo Strand takka for prisen, snakka litt om framdrifta i åra som har gått og kunne fortelje om svært lovande utsikter for 2013.

– 2013 kan bli eit fantastisk år for FMV. Utfordringa er at me har fem båtar som skal ferdigstillast i år, men det skal gå bra, smilte han og fortalde òg at FMV ønskjer å byggje gode relasjonar til bygda.

– Mellom anna har me hatt open dag, og 7. mai vil me arrangere ein havbruksdag. Elles ønskjer me generelt å ha ei positiv haldning fitjarsamfunnet. Fitjar kommune er ein fin plass, både til å jobbe i og bu på.