I samband med Mannskorkonserten søndag kveld vart Kulturprisen for 2012 utdelt til Lilli-Ann og Per Drønen. Forsamlinga reagerte med ståande applaus.

Prisen vart utdelt av ordførar Wenche Tislevoll og kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland. Og i grunngjevinga for at prisen gjekk til ekteparet Drønen, heiter det:

«Kulturprisen 2012 går til Lillian og Per Drønen. Dei har begge bidrege til å fremja kulturlivet i Fitjar på ein framifrå måte. I Peraløo, som dei driv saman, vert det formidla kultur til både lokale innbyggjarar og turistar. Engasjement deira er med på å gje Fitjar eit godt omdømme som kulturbygd.
Lillian Drønen er leiar og drivkraft i bygdekvinnelaget. Ho har stor interesse for og kunnskap om matkultur og er ein god formidlar på dette området. Per Drønen er ein framifrå kulturformidlar. Hans forteljarkunst har imponert mange opp gjennom tidene.»

Også dirigent Ole Christian Ottestad i Osternes Mannskor nytta høvet til å hylle kulturprisvinnarane. Han viste mellom anna til flotte arrangement i Peraløo og til samarbeidet koret har hatt med Per Drønen i mange kulturrelle samanhengar.