Ingve Andre Strand mottok i dag Ambassadørprisen for 2014 som Sparebanken Vest og Fitjarposten står bak. Det skjedde i Sparebanken Vest sine lokale på Fitjar. Bilete: f.v. Avd. banksjef Ingrid Vestbøstad, Ingve Andre Strand og Håkon C. Hartvedt frå Fitjarposten. Foto: Sissel Våge

 

– Kjempekjekt og ei god oppmuntring på at me har gjort noko rett, sa Ingve Andre i samband med utdelinga. 

Strand vart noregsmeister i crosskart i fjor i konkurranse med folk som har langt større budsjett og mykje betre treningstilhøve enn han. Berre det er ein prestasjon i seg sjølv. 

Under utdelinga nytta han òg høvet til å takka alle gode hjelparar i racingmiljøet på Fitjar, og han gler seg storleg over at det gror i «ungskogen» på den måten at dei har fått mange unge med seg som er interessert i sporten.

Same mål i år
No er han Ingve Andre i gang med ny sesong, og målet er som i fjor å nå heilt til topps, sjølv om sesongstarten har vore noko blanda.

Det er berre å gratulere med prisen og ønskje han all mogeleg lukke til.