Bokinspirator Liv Gade nådde heilt inn på ungdomane sin eigen frekvens med sine føredrag i dei ymse klassane på Rimbareid ungdomsskule i føremiddag.

– Ho fanga meg slik at eg fekk lyst til å lesa alle bøkene ho snakka om, sa Sigvald Leirvik i 10B. Og han var ikkje åleine om å bli inspirert. Lærar Rita Bergo sa om lag det same, og elevane Kathrine Korsvik, Elise Malkenes og Brynjar Skår Bergesen meinte òg heilt klart at dei var blitt inspirert til å lesa meir.

Ikkje rart det. Liv Gade er eit fyrverkeri av ein føredragshaldar, og ho presenterte eit utval ungdomsbøker så levande at me vil tru at vår lokale bibliotekar vil få det svært travelt i dagane framover.

Gade inspirerer ikkje berre ungdom. Først og fremst er ho blitt inspirert sjølv. Etter 20 år i bank, hadde ho andre draumar, og som forfattaren Paulo Coelho oppfordrar til, vågde ho å leva ut draumane sine. Dei siste 10 åra har ho så jobba som bokinspirator. – Heilt fantastisk at eg kan få driva på med dette, dette er draumejobben for meg, strålar ho.

I kveld vil Liv Gade ha føredrag på Fitjar folkebibliotek. Då vender ho seg til vaksne. Likar du å lesa, og ikkje er redd for å bli inspirert til å lesa meir, er nok biblioteket rette plassen å gå i kveld.