Mange fitjarbuar møtte Sommarbåten då han kom inn i Nyleio for ei lita stund sidan. Båten er no på veg mot Stokksundet. På biletet er han ved Hatlevik. Foto: Frå NRK1.

Etter relativ stor sjø på Selbjørnen, kom båten inn i smularae farvatn då han passerte Siglo, og då han kom til  Hatlevik var det skikkeleg bra med småbåtar som følgde han, og me kunne observere fleire kjende fjes. På Tranøy stod mellom anna Odd Bondevik og veifta med ein skikkeleg fin torsk i kvar hand.

Har du ikkje slått på TV-en er det berre å trykkje på fjernkontrollen. Båten vil vere i kjende farvatn enno ei tid framover, før han ankrar opp på Leirvik.