– Me er mykje romslegare når ting vert gjort i plan i staden for tilfeldige idear. Me gjev dispensasjonar, men talet på dei ønskjer me å få ned, var noko av bodskapen frå fylkesmann Lars Sponheim til fitjarpolitikarane i dag.

Det var ein sprudlande Sponheim som, etter å ha fått sjå vindmølleparken og kvikka seg opp med ein kopp kaffi, heldt innlegg overfor fitjarpolitikarane i kommunestyresalen i ettermiddag. Han var òg til dels svært konkret i det han bar fram. 

– Innanfor 100 feltet i strandsona er det i utgangspunktet byggjeforbod. Men innan for planar går det likevel an. Me vil òg vere meir liberale med omsyn til næringsbygg, som til dømes rorbuer til utleige. Generelt vil me vidare bruke større garnvidde og ikkje hengje oss altfor mykje opp i småting, sa Sponheim, billedleg.

Kjeltringskap skal ikkje løna seg.
Overfor folk som ikkje tar eit nei for nei vert tidene derimot tøffare.

– Å lure seg til hytte ved å byggje naust, går me ikkje på lenger. Fuskar ein her, kjem me med brekkjernet, sa fylkesmannen og fortalde om ei sak der ein som hadde fått stålklart nei heilt opp til departementet, bygde likevel.

Det er forskjell på slikt og på dei som kjem til å byggje ulovleg på grunn av dårleg rettleiing eller i god tru, understreka Sponheim og slo fast: – Kjeltringskap skal ikkje løne seg!