10. klasse på Rimbareid skule fekk i dag møta ordførar Harald Rydland som fortalde levande om kommunen og kommunal politikk.

Svært aktuelt framfor det føreståande valet.

Elevane møtte ordføraren i kommunestyresalen der Rydland var klar med opprigga videokanon.

Kvar av klassane fekk ein time kvar.

Både elevar og lærarar let vel over det dei fekk høyre – og over måten det vart lagt fram på.