Skulane stod i sentrum under visitas-opplegget i dag. Og biskopen oppnådde god tone og godt gehør overalt.

Klokka ni var det ei flott skulegudsteneste for barneskulane, og seinare hadde biskopen spørjetime med ungdomsskuleelevane i gymsalen på Rimbareid.
Under barneskulegudstenesta synte han elevane den flotte bispekrossen sin, og sa at han var litt trist for at han no snart måtte gi han ifrå seg.
-Men så er det slik at då eg vart døypt, vart det teikna ein kross over bringa mi, og den vil eg alltid ha med meg, fortalde han.

Etter gudstenesta vart biskopen fotografert saman med konfirmantane, før samling på Fitjar Vidaregåande Skule stod på visitasprogrammet. Her møtte kommuneleiinga, biskopen med følgje – og leiinga ved skulen. Elevane ved Fitjar Vidaregåande serverte 3-rettars middag, og både servering og borddekking var av høg standard.

Ordføraren minna om at her hadde biskopar vorte servert tidlegare. Og om at då statuen av Håkon den gode vart avduka i 1961, vart festmiddagen halden på skulen med
kong Olav V som hovudgjest.

Biskopen med følgje gjekk deretter opp att på Rimbareid Skule for å ha samtale med lærarane i kommunen.

I kveld er det samrådingsmøte på bedehuset med soknerådet og dei tilsette.