A-laget til Fitjar IL spelte ein av sine beste kampar for året då dei møtte Lysekloster søndag ettermiddag, men måtte likevel tola 0-6 mot eit veldig godt lag.

Fitjar hadde ikkje dei største vonene før kampen mot den suverene serieleiaren i 5. divisjon, men gjekk likevel friskt ut. Frå starten av kampen kunne me ikkje sjå nokon nivåskilnad på laga, og det var Fitjar som hadde dei fleste målsjansane. Etter 10 minutt skaut Andreas Torland i nettveggen frå fem seks mester, litt seinare burde Fitjar hatt straffespark. Men dommar Thomas Bønes vinka spelet vidare.

Den første scoringa kom få minutt seinare ved Benjamin Olsen. Den kom nærmast av ingen ting, ballen skifta retning og gjekk i mål. Heimelaget miste likevel ikkje motet, og hadde fleire sjansar,
men det var Lysekloster som scora igjen 10 minutt seinare. Veterankeeper Trond Henriksen gjekk ut i feltet for å klarera, men feilberekna situasjonen. Dermed blei det enkelt for Morten Sætre å auka til 2-0 for Lysekloster. Trond Henriksen var uheldig ved det høvet, men revansjerte seg med fleire fine redningar på slutten av første omgang.

I andre omgang heldt Fitjar bra følgje i vel 10 minutt. Men då fekk Lysekloster to mål i løpet av kort tid, og dermed var kampen avgjort. Heimelaget kjempa vidare, og viste både kampglød og bra pasningsspel. Men slutten av kampen blei tung, ikkje på grunn av dårleg spel, men fordi dei møtte eit veldig godt lag. Motstandarar som har erfaring frå 2. og 3. divisjon, og siktar mot opprykk, blei for temposterke.

Trenar Stein Gunnar Halleråker var naturleg nok litt skuffa over resultatet. Det var ein veldig god motstandar dei møtte i dag, og han var ikkje misnøgd med spelarane sine. Med litt meir klaff i første omgang, kunne det ha blitt ein litt annan kamp. Sigeren til Lysekloster var fullt fortent, men Fitjar viste i denne kampen at dei kan spela jamt mot dei beste i serien.