Kontrollør Hans Kristjan Kristjansson og Julian Helland kan konstatera at bilen til den unge Fitjar-føraren er klar til sesongen. Foto: Kjetil Rydland.

I går fekk Fitjar Racing Team fått kontrollert ti løpsbilar, og snart er både førarar og bilar klare for ein ny sesong i bilcross og rallycross.

Ein liten flokk håpefulle bilcrossførarar møtte fram med bilane sine då Hans Kristjan Kristjansson kom for å gjennomføra den tekniske årskontrollen. Og det blei ein vellykka dag både for kontrolløren, dei unge førarane og ein liten flokk bilfolk som samla seg rundt  sjokoladekaka på bordet i verkstaden.

– Det ser bra ut! slo den fornøgde bilkontrolløren frå Tysvær fast, etter å ha godkjent ti bilcrossbilar i går.

For å få lov til å delta i motorsport må du ha bilen i forskriftsmessig stand, etter reglane til Norges Bilsport Forbund, og det er ei rekkje punkt som må oppfyllast for at bilen skal bli godkjend.

Blant anna skal det ikkje førekomma lekkasjar av bensin, olje eller eksos, og feste til bensintank, batteri, skliplater, sete, selar, leidningar, røyr og slangar blir sjekka grundig. Bilen skal vera retta og måla og reingjort utvendig og innvendig, og rustskadar må sveisast. Bremsar og bremselys må òg vera på plass, og understellsnummert skal vera lesbart.

Hans Kristjan Kristjansson gjekk gjennom ti bilcrossbilar under gårsdagens Fitjar-besøk. Som vanleg hadde Oliver A. Matre bobler til godkjenning, denne gongen berre to. Ole Lønning fekk godkjent to stykk Volvo, Julian Helland ein Ford Sierra, Martin Fausk ein BMW, Thea Matre ein Opel Astra og Jonas Koløen Lønning ein Opel Ascona, Aleksander Sætre ei boble og Jonas Heggøy ei boble.

Som vanleg hadde alle førarane som stilte opp, gjort ein god jobb på førehand, og kontrollør Kristjansson fann ikkje mykje å setja fingeren på.

I tillegg til dagens bilar har Fitjar Racing Team to andre bilar som må gjerast klare til sesongen. Det er rallycrossbilane til Håvard Helland (Volvo 440) og Oliver André Matre (Volvo 740). Dei må nok ta turen til Frakkagjerd, der bilkontrolløren bur, for å få kontrollen gjennomført.

- Annonse -

Når det er gjort, bør alle Fitjar-førarane vera klare til sesongstarten på Eikåsbanen i Bergen 13. april. Første løpet i Vikedal er terminfesta til 4. mai. Som vanleg vil Fitjarposten i år òg følgja motorsportsesongen på nært hald.

Hans Kristjan Kristjansson var fornøgd med det han fekk sjå på Rydland i dag. Foto: Kjetil Rydland.