Den ferske noregsmeisteren Bjørn Cato Aarekol blir nok vanskeleg å tukta for vår eigen Ole Lønning. Foto: NMK Vikedal.

Laurdag 12. oktober skipar NMK Vikedal til klubbmeisterskap i bilcross og motocross, og der vil dei feira dei ferske NM-vinnarane Daniel Holten og Bjørn Cato Aarekol.

Det er NMK Vikedal som skriv dette i ei pressemelding.

Daniel Holten vann NM i rallycross klasse 2, medan ungdommen Bjørn Cato Aarekol blei norsk meister i crosskart 650 ccm. Dette er klassen til vår eigen norske meister, Ingve André Strand, som ikkje kom heilt i mål denne gongen.

Som kjent er NMK Vikedal klubben til Fitar-førarane i bilsport og motocross, og dei planlegg å stilla så skarpskodde som mogeleg i klubbmeisterskapet i Vikedal.

Ole Lønning stiller i fremste rekkje i juniorklassen, og melder at både bilen og han sjølv er klare til innsats. Ungdommen frå Koløyo har hatt ei fin utvikling i år med jamn framgang, men han vil nok slita med å følgja NM-vinnaren Aarekol frå Vikedal. Sistnemnde er også vestlandsmeister i bilcross junior, og vil nok spruta sand og eksos bakover på vår mann. Men ein ekstra motivasjon bør det vera å køyra mot ein norsk meister.

Blant seniorane gjekk Sølve Østbø til topps i vestlandsmesterskapet, og har vore i A-finalen i alle sju løpa han har køyrt på Vestlandet i år, seinast på søndag i Egersund. Sølve er på jakt etter eit nytt napp i vandrepokalen som er sett opp i denne klassen, men Oliver André Matre har ikkje tenkt å gi seg utan sverdslag. I år har bobleføraren vår konsentrert seg mest om rallycross, men til klubbmeisterskapet i Vikedal stiller Oliver opp i ei av boblene sine.

Oliver føler han har litt å ta igjen etter det regntunge klubbmeisterskapet i fjor. Då leia han heilt til bobla hans stoppa 50 meter før mål. No satsar Oliver alt på revansje, og eit napp i vandrepokalen. Så langt er det ingen som har to napp, og Oliver har veldig lyst å vera med og kjempa om pokalen. Men då lyt bobla kom heilt til mål på laurdag …

Sølve Østbø tok tredjeplassen i Trollpikk-cupen i Egersund etter femteplass i finalerunden sist søndag. Foto: NMK Vikedal.
Oliver André Matre (t.h.) melde overgang til rallycross i vinter, men stiller opp med boble i klubbmeisterskapet, i konkurranse med blant andre Sølve Østbø. Foto: NMK Vikedal.
- Annonse -