Har du lyst til å lære deg å nytta motorsag? Førstkomande fredag (ettermiddag) og laurdag er det kurs.

Det er Aktivt skogbruk v/ instruktør Audun Lund Eik som i samarbeid med Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor inviterer til kurs i bruk og stell av motorsag. Kurset vert halde i Fitjar.

– Påmelding innan torsdag kl 14.00 til Fitjar kommune tlf 53 45 85 00. Me tek atterhald om nok påmeldingar, opplyser landbrukskontoret.