Også fitjarbuar fekk med seg Motorcross Xtreme show på Stord i går.

-Både store og små var samla på Stord under showet, og spenninga var på topp , fortel  Stine Haugland Vesterheim til fitjarposten.no, og fortset:

-Motorshow Xtreme er eit reisande selskap som utfører fantastiske stunts med bilar og motorsyklar. Det var eit heilt fantastisk show, og seks heldige damer/ jenter fekk sitja på med to av køyrarane. Ei stor oppleving med køyring på to hjul og sladding. Dette var verkeleg eit show som var verdt å få med seg :), seier Stine begeistra.