Førstkommande helg er det bilsportopning i Vikedal, og Fitjar Racing Team vil vera representert med tre skarpskodde bilar.

Laurdag er det klubbløp i bilcross junior, med Gisle Aarbø og Jonas Heggøy på startstreken, og runde i vestlandsmeisterskapen i rallycross, der Håvard Helland årsdebuterer. Dagen etter er det 2. runde i vestlandsmeisterskapen i bilcross, både junior og senior.

Den einaste Fitjar-føraren som allereie har opna sesongen, er Gisle Aarbø. Han gjorde ein strålande innsats i Bergen sist helg. Etter tre strake heatsigrar i innleiande rundar stilte han blant favorittane i A-finalen. Her gjorde han den einaste taktiske feilen sin i løpet av helga. Han kom så godt ut i starten at han trudde han hadde tjuvstarta, og sleppte opp gassen. Dermed kom fleire bilar seg forbi, og Gisle kom seg ikkje heilt opp i teten igjen. Men denne feilen gjer nok aldri Gisle opp igjen, og elles gjorde han ingen feil i løpet av helga. Plasseringa er svært sterk når ein tenkjer på at han møtte fleire av dei presumptivt beste frå Valdres og Gol, i tillegg til dei beste frå distriktet vår. Opningsløpet i Bergen gjeld som kvalifisering til landsfinalen på Gardermoen 28. juli. Ved å komma til A-finalen i dette løpet, er Gisle altså klar for denne prestisjefylte landsfinalen. – Ein svært sterk prestasjon, seier mentor i racingteamet, Ole Vidar Helland. Denne helga må Gisle halda fram der han slapp sist helg, seier Sigurd André Maraas, som meiner han kan kjøre seg heilt opp i teten i vestlandsmeisterskapen etter to løp. Nummer 2 og 3 i Bergen står nemleg ikkje på startstreken, blant dei 21 deltakarane som skal vera med i Vikedal.

Den argaste rivalen til Gisle, Jonas Koløen Lønning, har ikkje komme i gang med sesongen enno. Bilen hans vil ikkje bli klar før til sommarløpet i Vikedal første helga i juni. Dette gjeld som kvalifisering til landsfinalen, som er Jonas sitt mål for sesongen.  Han satsar alt på å nytta dette høvet til å kvalifisera seg, men viss ikkje han lykkast her, vil han reisa lenger bort for å delta i andre kvalifiseringsløp.

Rallycrossføraren Håvard Helland gler seg til førstkommande laurdag, når han skal testa den nye «verstingmotoren» sin på 2,9 liter. Denne motoren gir rundt 320 hestekrefter, vel 30 meir enn den gamle motoren, på 2,8 liter. Desse ekstra hestekreftene håpar Håvard skal hjelpa han til å halda følgje med dei aller beste i rallycross. Altfor ofte har han opplevd å ha LITT for lite å gi, slik at konkurrentane drar frå, same kor gjerne han vil følgja. I tillegg til å skifta motor, har Håvard i vinter plukka heile volvoen sin i smådelar, og gått over alle delane før han har sett alt saman igjen. Dei siste dagane har han skifta utveksling på bakakslingen; på den måten er bilen gira opp, slik at den får større fart på kvart gir. Årsdebuten til Håvard blir laurdag klokka 12.30. I år satsar ikkje Håvard for fullt på vestlandsmeisterskapen, men han vil kjøra alle løpa i Vikedal. Han vil bruka denne sesongen til å samkjøra mann og bil med tanke på full satsing i 2013.

Litt spesielt til helga er det at Fitjar Racing Team har ein flunkande ny debutant på startstreken i Vikedal. Den nye racerføraren er 15 år gamle Jonas Heggøy, som har løyst lisens i år, etter obligatorisk kurs med nødvendig teori og praksis. Han stiller i juniorklassen, og vil berre få høve til å delta i klubbløp, som går av stabelen i Vikedal. Sist helg kjørte han trening i Vikedal i ein nybygd Ford Sierra – og viste svært lovande takter, fortel pressetalsmann Sigurd André Maraas til Fitjarposten.

Sigurd André seier til Fitjarposten at han er glad ungdomssatsinga til Fitjar Racing Team gir frukter. Han minner om at racingteamet gjerne ser at fleire interesserte tar turen til Vikedal for å følgja dei lokale heltane våre. – Det er god plass på tribunen, og det vil vera plass i støtteapparatet rundt dei unge bilførarane, avsluttar ein entusiastisk pressetalsmann.