Sist søndag passerte dei fleste bilane til Fitjar Racing Team årskontrollen, som dei må gjennom for å starta sesongen.

Før dei spreke bilane kan sleppast lause i løp med ivrige førarar som er tunge på gasspedalen, må dei gjennom ein grundig årskontroll. Den må gjerast av ein autorisert kontrollør som er godkjend at Norges Bilsportforbund. Den nærmaste kontrolløren er Lars Reidar Frøyland frå Tysvær, og søndag var han på Rydland for å sjekka bilparken til Fitjar Racing Team.

Heile sju bilar kom gjennom kontrollen på søndag. I rallycross stiller to arge rivalar i kvar sin Volvo 740 med «verstingmotor» på langt over 300 hestekrefter. Håvard Helland er ein gjengangar, medan Paul Vik stiller uhyre sterkt i år etter mange års pause frå bilsporten. Gisle Aarbø fekk godkjent to bilar, medan Terje Heggøy fekk godkjent ein. Frå Koløyholmen kom to bilar gjennom kontrollen. Jonas Koløen Lønning har allereie kjørt nokre år, medan søstera er ny i bilcrossirkuset. Ho er konfirmant av året, og ser fram til å setja seg bak rattet i ein nystrigla Ford Sierra.

For Oliver André Matre og kameraten Martin Fausk kom årskontrollen litt for tidleg. Sistnemnde køyrer bobla som blei sett saman av to boblevrak tidlegare i vinter, og blir ikkje klar til sesongstarten første helga i april. Men Oliver reknar med å stilla skarpskodd på streken i Vikedal 5. april.

Poenget med årskontrollen er at bilane skal vera dokumentert heilt løpsklare før dei stiller på startstreken, sier Ole Vidar Helland. For dei fleste bilane er dette fort gjort, mange har det grunnleggjande i orden frå i fjor.

Dei fleste førarane i Fitjar Racing Team er altså klare til start allereie. For unge Mari Koløen Lønning og Paul Vik, som også blir å rekna for debutant i år, gjenstår litt. Dei er ferdige med den obligatoriske teorien, som må til for å få lov å køyra billøp. Her har dei lært flaggbruk, kva dei ymse flagg tyder, og det som elles står i Bilsportboka. Og laurdag 22. mars blir det «oppkøyring» – dei må visa at dei kan handtera ein bil.

Så vidt me forstår både på veteranar og debutantar, er alle ivrige etter å sleppa dei brølande hestekreftene lause.