I dag er det berre ein person som har lov til å bruka påhengsmotor på vatnet.

I Kommunestyresak 54/78, vart det gjort følgjande vedtak: «I Fitjar kommune er motorferdsel ikkje tillate på innsjøar som er 2 km2 eller større.»Avgjerd om dispensasjon frå forbod i lova vert delegert til kommuneingeniøren»

No har Grunneigarlaget for Storavatnet bede om at vedtaket vert oppheva. I så fall landar ein på det som står i Motorferdsellova, der motorferdsel på innsjøar som er 2km2 eller større er tillete med heimel direkte i lova. Kommunestyret kan likevel setja vilkår knytt til mellom anna motorstorleik og ferdselstidspunkt.

Vedtaket i 1978 hadde mellom anna bakgrunn i uro for at det skulle verta trafikk med sjøfly på vatnet. I dag er vel ikkje det særleg aktuelt. Derimot ser Grunneigarlaget for Storavatnet at det må gjerast meir kultiveringsarbeid i vatnet for å gjera tilhøva betre for fisket. Arbeidet vert meir effektivt dersom ein kan bruka motor på båtane, og det er først og fremst grunneigarane som no skal få gjera seg nytte av endringa. I dag er det gitt ein dispensasjon frå forskrifta, nettopp på grunn av fisket og arbeidet med å betra tilhøva i vatnet.

Onsdag vedtok kommunestyret samrøystes å opna for bruk av båt med påhengsmotor. Forbrenningsmotor skal ikkje ha større effekt enn 10 hk. Det er ikkje hindringar for elektrisk motor eller andre miljøvenlege alternativ. Vedtaket gjeld frå 1. januar 2015.

Ingressbilete: No kan kanskje også denne båten få motor til neste år. Foto: Harald Johan Sandvik