Adrian Vik tek av seg hjelmen mellom rundane i Hustrudalen i dag. Foto: Kjetil Rydland.

I helga arrangerte Stord Motorsportklubb 2. runde i vestlandmesterskapet i motocross 2019, og midt i køen av ivrige ungdommar var Adrian Vik og Eirik Fitjar.

Første runde gjekk på Bømlo, og dei resterande skal gå på Bybergsanden, Elgane Motorbane og på Karmøy i haust.

Adrian Vik fekk ein veldig god start då heatet måtte starta opp att. Foto: Kjetil Rydland.

Medlemmer i Stord Motorsportklubb har dei siste vekene jobba iherdig for å få alt klart til VM-runden i Hustrudalen. 124 førarar frå Kristiansand i sør til Sogndal i nord stilte til start på Stord. Fitjarbuane Adrian Vik og Eirik Fitjar har nyleg funne ut kor spennande denne sporten er.

Tolvåringen Adrian Vik har trent motocross sidan hausten 2017 og satsar denne sesongen meir enn nokon gong. Han har nemleg fått plass i eit rekrutteringsteam leia av 11 gongar norgesmeister Magne Klingsheim. Klingsheim deltok sjølv på stemnet i helga og sette ny banerekord.

Adrian har vore på samlingar med Team Klingsheim fire gonger i år og skal vidare på sju samlingar, og i tillegg sommarleir og seks løp med same gjengen. Dette gjer at Adrian forbetrar teknikk og køyreferdigheiter raskare enn nokon gong og set stadig personlege rekordar.

I dag stilte både Eirik og Adrian i ein rekruttklasse der ein køyrer deltakarar frå 11 til 15 år.Gutane manglar erfaring, men set seg eigne mål framom å vinna den gjævaste pokalen med ein gong.

Målet til Adrian i helga var å koma blant dei 15 beste. Han betra rundetidene med fleire sekund og køyrde inn til 13.-plass i begge heata.

Eirik Fitjar har vore med på leia trening for medlemmer i Stord MX siste året og skulle i helga delta på sitt første løp. Han hadde som mål å køyra heile heat, prøva eit ekte løp og koma til mål.

- Annonse -

Eirik fekk kjenna på spenninga før løp, det å stå på start tett med andre og det å køyra med mange rundt seg på kloss hald. Han var nøgd etter løpet og synest det gav meirsmak. Han vil svært gjerne reise på fleire slike løp.

Stemnet på Stord innehaldt tette fightar, spenning, god stemning, god mat frå kiosken og fine pokalar. Juryformannen var nøgd med arrangøren, som leverte eit godt organisert stevne, utan ein einaste skade.

Stord MX har utleigesyklar for førarar heilt ned i fire-femårsalderen for dei som vil prøva ut denne sporten. Mange av dei som deltok i dag starta nettopp slik.

Fitjarbuane som deltok i dag gler seg allereie til neste køyring anten det er løp eller trening.

– Det kjekkaste ein kan gjera på, seier gutane.

Adrian på samling med norgesmeister Klingsheim førre helg på Elgane Motorbane på Jæren. Foto: Privat.