Med heider frå fylkeskommunen og stipend frå Bergen kommune vart det ein travel, men motiverande dag, for symjaren Mariann Vestbøstad frå Fitjar. Klokka halv eitt vart ho heidra med fylkeskommunen sitt fat for særlege idrettsprestasjonar på Scandic Hotel. Ein halv time seinare var ho på plass i forhandlingssalen i Magistartbygningen like ved rådhuset for å ta i mot Bergen kommune sitt idrettsstipend på 25.000 kroner.

– Ein travel, men kjekk dag, seier den kondisjonssterke 22-åringen til bt.no, og fortel vidare at ho gleda seg like mykje over fatet som over pengane. Begge deler er ei stor anerkjenning.

No er målet gull i Paralympics i Beijing i 2008.

Les meir på bt.no

- Annonse -