Fitjar blei ståande på 3 poeng heilt på botnen av 4. divisjon etter kveldens kamp mot Bremnes. To lettkjøpte mål i tidleg i 1. omgang avgjorde kampen.

Første omgang var eigentleg jamspelt, og begge lag hadde fleire sjansar. Men lag som slit i motgang, har ein lei tendens til å sleppa inn unødvendige mål. Så også denne gongen. Måla til Kenneth Blåsternes var fine nok, men Fitjar-forsvaret gjorde ikkje mykje for å stoppa han.

I 2. omgang var Bremnes meir overlegne, men det skulle gå 45 minutt før Bremnes fekk mål. Denne gongen ved Christian Ersland. Rett nok hadde Fitjar fleire gode sjansar, men det var nok Bremnes som hadde dei fleste sjansane i 2. omgang. Nærmast scoring for Fitjar var Thomas V. Waage, som la ballen fint i mål. Men han blei avblåst for dytting i det han brøytte seg veg mellom to Bremnes-forsvararar.

Det blir vanskeleg å kommentera innsatsen til Fitjar-laget utan å gjenta seg sjølv. Mykje fint spel, og lettkjøpte mål imot. På Bremnes stilte ein gammal kjenning i midtforsvaret. Geirmund Brendesether hadde god kontroll på dei unge Fitjar-angriparane. Fitjar slit med manglande rutine, og det gjorde ikkje saka betre at Victor Aga måtte gå ut etter vel 5 minutt. No gjeld det å fullføra sesongen med stil, og sjå framover mot neste sesong.