Fitjar indremisjon inviterer til møte med Ragnar Ringvoll. Møta starta i går, og vil fortsetje heile veka.

Ragnar kjem frå Mosby utanfor Kristiansand, og har i mange år vore politi i Kristiansand. På fritida har han reist mykje som forkynnar. Han var også ein periode kretssekretær i Sørlandet Indremisjonskrets, og han har vore landsungdomssekretær i Indremisjonsforbundet. Ragnar Ringvoll er ein svært engasjert forkynnar som brenn for evangeliet.

På møta deltek òg mange lokale songkrefter. På torsdag syng Lovise Vestbøstad. Fredag får me besøk av Lovsongsbrørne frå Stord og søndag er Musikkforeningen med.

Laurdag inviterer indremisjonen til basar på ettermiddagen og TenTreff på kvelden.