Jon Fredrik Hartvedt fortel at han møter mange andre syklistar på sin veg sørover i landet. Ofte campar dei i lag.

– No har me slått leir omlag to mil frå Steinkjer. Det er ganske artig at ein stadig treffer nye folk å campe med på veg nedover. Eg har vel campa med ein fem-seks stykker som syklar samme distanse. Men alle tar forskjellige ruter og etappelengder. Det morosame er at det kan gå fleire dagar mellom møta med desse folka, og når ein treffer nye kan ein vera sikker på at dei har truffe dei andre eg har møtt:)

– I dag er det ekstremt med motvind, så det går svært sakte inn mot Trondheim, skriv han på SMS til fitjarposten.no