På torsdag får Fitjar besøk av evangelisten Svein Nordvik og eit team på 5 personar. Dei skal vere i området i nesten 2 veker og kjem hit etter invitasjon frå menigheten Fyrlykta. Det blir møter både i Betania Øvrebygda og på Øvrebygda skule. – Svein Nordvik fekk ein dårleg start i livet der han voks opp i ein heim med store problem i Bergensområdet. Som ungdom kom han bort i rus og kriminalitet og var inn og ut av fengsel ei tid, før han kom til eit evangeliesenter. Der møtte han Jesus og fekk starte eit nytt liv. Etter rehabilitering tok han til å arbeide som miljøarbeidar ved eit evangeliesenter,  og vart etter kvart senterstyrar. Seinare reiste han som evangelist i Evangeliesenterrørsla. Dei siste åra har han reist i regi av eigen organisasjon EFUT (Evangeliet ut til folket). Svein Nordvik er ein folkelig talar og saman med teamet står dei for både tale, song og vitnesbyrd. Teamet kjem også til å vere aktivt ute og treffe folk på ulike stader. Det vert meldt om at mange har kome til tru etter møte med dette teamet, og sterke helbredingssmirakel er også vanleg i møta, seier leiar i menigheten Fyrlykta Frank Håvik. Han fortel at mange frå ulike kyrkjelydar og forsamlingar i området har svart ja til å ta del i møteaksjonen på ulike måtar. Slik sett får desse møta ein tverrkyrkjeleg profil.

Håvik ynskjer alle velkomne til møta som startar opp på Betania torsdag 27. januar, og fortset kvelden etter på Øvrebygda skule.