Den evangeliske aksjonen med Ole Abel Sveen og Johnn Hardang startar i Fitjar bedehus, tysdag kveld kl. 19.30

Sveen er tidlegare generalsekretær i Det Vestlandske Indremisjonsforbund mens Hardang er radiopastor i P7, og dei har møte kvar kveld frå tysdag til søndag. Alle møta startar  kl. 19.30, bortsett i frå søndag då det startar kl. 18.00. I tillegg til dei to forkynnarane som syng godt, vil det òg bli lokale songkrefter med kvar kveld.

Radio Fitjar vil ha sending frå møta kvar kveld frå kl. 20.30. Då sender ein først talen for kvelden, og så opnar ein for innringing med talarane i studio. Desse programma vil vare til kl. 21.30, eventuelt til 22.00 om det er behov for det.