23. oktober til 4. november er det sett opp ein møteaksjon i Fitjar bedehus med Nils Kåre Strøm og Stig Skarstein.

Det er Håkon C. Hartvedt som skriv dette i ei pressemelding på vegner av møtekomiteen.

– Dette er møte som det vert knytt gode forventingar til, skriv Hartvedt.

Nils Kåre Strøm er ein landskjent forkynnar og songevangelist som bortsett frå militærteneste og åra då han tok lærarutdanning, har reist i misjonen si teneste heilt sidan 1969. Neste år kan han såleis markere eit 50-årsjubileum. Nokon har kanskje sett han i Rita Aasen sitt TV-program «I Pottemakarens Hus». Han forkynner på ein svært folkeleg og god måte.

Sidan 1980 har Strøm reist for Norsk Luthersk Misjonssamband, og gjennom åra har han har stått i fleire vekkingar. Leiar i komiteen for møta i Fitjar, Lars Vestbøstad, kan fortelje at ein har gode forventingar til denne møteaksjonen. Det er sett opp ei eiga bønegruppe, og alt det praktiske som må leggjast til rette i samband med møta, er på plass.

Som det går fram av ingressen, kjem ikkje Strøm åleine. Med seg har han Stig Skarstein frå Evje, som han har samarbeidd med fleire gonger før.

Både Nils Kåre og Stig syng og spelar. Nils Kåre held seg helst til gitaren, mens Stig mellom anna nyttar seg av både mandolin og munnspel i tillegg.

Møta i Fitjar startar som nemnt tysdag 23. oktober og held fram til 4. november, og det er NLM i Fitjar og Fitjar Indremisjon som står bak møta.