Odd Cato Kristiansen kjem til temakvelden i Fitjar kyrkje førstkomande torsdag.

Førstkomande torsdag er det klart for ny temakveld i Fitjar kyrkje, denne gongen med den pensjonerte fengselspresten Odd Cato Kristiansen.

Odd Cato Kristiansen kjem til temakvelden i Fitjar Kyrkje torsdag 25. oktober. Han er pensjonert fengselsprest etter 20 år på Ila Kretsfengsel. Før dette jobba han som gateprest i Kirkens Bymisjon i 16 år. Til saman har han 44 års prestegjerning.

– Kristiansen har heile sitt virke jobba med menneske på «livets kant». «Cato Prest» på Ila fengsel var eit omgrep, og han vart vel den mest synlege fengselspresten i Noreg då han i 2009 fekk den første «En ålreit-fyr»-prisen av Harry Hole Stiftelsen, skriv Eli Simonsen i temagruppa.

I tillegg til å ha vore gateprest i Oslo og på Ila har han vore prest i Oslo Fengsel og i Brumunddal. Han vart også kjend då han i byrjinga av 1990-talet var blant dei leiande i folkeaksjonen «Brumunddalen på nye veier» der dei vende ryggen til Arne Myrdal og dei rasistiske miljøa i bygda.

Han er ein flittig brukt føredragshaldar der tema har vore, «alle menneske er meir verdt enn sine dårlige gjerninger. Verdien er en fødselsgave og en indre styrke til å reise seg. Ofte gir vi de som er ribbet for all verdighet, en identitet og merkelapp etter hva de har gjort. Med hvilken rett fratar vi mennesker deres verdighet?»

Kristiansen er oppteken av at menneske er meir enn det du ser «den du er, er bra nok.» I 2017 fekk han Rettferdighetsprisen.

– Me ser fram til å høyra ein engasjert og spennande føredragshaldar i Fitjar kyrkje, skriv Eli Simonsen.