Rundt kl 14.00 i dag vart skroget til nye MS «Vendla» slept inn til til FMV på Sveiseneset. Då låg gamle MS «Vendla» frå 1999 og venta i fjorden, før ho med eitt støyt i fløyta, helste og farvel med si nyare og større namnesyster.

Gamle MS «Vendla» vart bygt ved Karmsund Maritime Service. Den nye skal utrustast ved FMV, men både motor og generatorar er allereie på plass.

– Me startar arbeidet i dag, og reknar rundt 15 veker på jobben, seier prosjektleiar Åsmund Sørfonn til fitjarposten.no. Det vil seie at båten skal vere ferdig i sommar ein gong.

Skroget er bygt i Gdansk i Polen, og Sørfonn fortel vidare at slepet starta i Gdynia laurdag føremiddag. Båten skal no utrustast som snurpetrålar, men på grunn av at ho mellom anna har senkekjøl, kan ho òg nyttast i havforsking og i oljeindistrien.