– Ja, det er eit klart mål, ler dirigent Svein Roger Koppang når vi stiller han spørsmålet i tittelen. I alle fall kan Fitjar Skulekorps vere klar for å spele i 1. divisjon etter at dei vann NM i 2. divisjon i vår. Foto: Håkon C. Hartvedt

Frå søndag og fram til i ettermiddag har korpset hatt «Sommerspill», ein sommarskule over fire dagar for å få ein god oppstart når dei no tar til med haustsemesteret. Og i ettermiddag gav dei til beste ein konsert som avslutning på desse dagane.

Raudt og svart nivå
Korpset var då del i 2 nivå, raudt og svart. Med svart for dei vidarekomne.
Kvar gruppe hadde så konsert kvar for seg, før det heile vart avslutta med to fellesnummer:  «Liten Fuggel» og «Cossack march».
Korpset kan òg synge, og på Liten Fuggel song alle med. I tillegg framførte Thea Træet ein flott versjon av «Mitt lille land».

Thea Træet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei fleste av deltakarane på raudt nivå har berre spelt eitt år, og på bakgrunn av det var det imponerande det me fekk høyre.

På svart nivå var utfordringane sjølvsagt større, og korpsmusikarane spelte mellom anna stykke med store krav til rytmisk presisjon – og ikkje minst reine tonar, i det fleire av melodiane var arrangert med svært tett dissonans. Men gjengen som er på god veg mot «svart belte» takla det heile temmeleg bra, noko som lovar godt for haustsesongen.

 

Ein av dei som har vore med på sommarskulen er Johannes Oma. Han spelte baryton før, no prøver han seg på trombone. – Gøy å få prøve eit nytt instrument, smiler han og gjev uttrykk for at det har vore kjekt på kurset. Foto: Håkon C. Hartvedt

1. divisjon?
Dirigent Svein Roger Koppang fortel til fitjarposten.no at det første som står på programmet i haust er to «Ut på tur-konsertar» på liknande vis som den dei hadde på Rimsvarden i vår. Den eine av desse to skal vere i Breiavikjo, den andre på Osternes Festning.

Det store målet i haust er «Sotrafestivalen», tredje helga i november.

– Sidan me vann NM i 2. divisjon er det grunn til å vurdere om me skal stille i 1. divisjon i år, men den avgjersla er enno ikkje teken. Korpset fekk mykje skryt for «musikkforståelse og modent spill» under NM, og me jobbar no vidare med å perfeksjonere oss endå meir på dette området, seier Koppang, til slutt.

Dirigent Svein Roger Koppang overrekte blomar til Anne Lunde og Ragnhild Prestbø som var medinstruktørar på «Sommerspill». Foto: Håkon C. Hartvedt

Frå eit av fellesnummera. Foto: Håkon C. Hartvedt