Onsdag 6. mai skal Samuel Massie halde foredrag på Fitjar. Massi er kjend som ungdomen som var med på seglskuta «Berserk» med kurs for Sydpolen.

Foredragskvelden er eit samarbeid mellom Fitjar Folkebibliotek og Fitjar Frivilligsentral i høve friluftsåret 2015, med støtte av Hordaland fylkesbibliotek. 

Foredraget med Samuel Messie er eit tilbod til ungdommane på Ope hus 6. mai, men er òg ope for alle interesserte, men det er spesielt fokus på ungdom. På grunn av avgrensa plassar er det påmelding til foredraget. 

Om Samuel Massie og «Hold fast!»
Født 1992. Som 16-åring skulka Samuel oftare enn han var på skulen, og hamna i politiet sitt søkelys. Først da mora gjekk bak ryggen hans og sendte inn søknad til Folkehøgskulen 69 grader nord, snudde det.

Redninga blei eit år på folkehøgskule og møtet med Jarle Andhøy. To år seinare har Samuel skrive testamente og står til rors på seglskuta «Berserk» med kurs for Sydpolen. Då skuta og tre av kameratane forsvann, blei livet snudd på hovudet for 18-åringen.

I 2014 skreiv han boka «Hold fast!». Dette er Samuels eigen historie om korleis han vann tilbake trua på seg sjølv og eige liv. Bodskapen hans er enkel: – Kan eg få det til, så kan alle.

Om ope hus for ungdom i Fitjar
Gratis, rusfritt tilbod for ungdom frå 8.klasse og oppover ein dag i veka. (Ein følgjer skuleruta.)

Ungdommane får gratis frukt, grønsaker og nøtteknask – tilbod om open idrettshall i nokre timar, brettspel, Playstation, av og til filmkveld, quizkveldar, m.m.