Torsdag 14. april vert det konsert i Fitjar kyrkje.

Temakveldane som me vanlegvis har kvar siste torsdag i månaden, vert denne gongen flytta fram og vigd påskehøgtida.

Programmet spennar vidt, og det vert presentert av Tor Grønn, orgel, Anne Lene Østvold Jordåen, fløyte, Irene Simonsen, piano og Eli Simonsen, tekstlesar.

Tor Grønn har vore organist i Nykirken i Bergen i mange år, og han er kjend som ein dyktig formidlar av både eldre og nyare orgelmusikk. I Fitjar skal han spela verk av Bach, Ketelbey og dei norske komponistane Christian Cappelen og Bjarne Sløgedal. Albert William Ketelbey er mannen bak verket som nærmast vart ein ”hit” då det kom ut i 1915, I en klosterhage, og me får høyra dette på torsdag.

Østvold Jordåen og Irene Simonsen, begge kjende i regionen som aktive og dyktige musikarar, skal framføra ein av Bach sine fløytesonatar, og  Eli Simonsen bind det heile saman med eit utval tekstar om påskebodskapen.

Me ønskjer alle velkomen til eit avbrekk frå kvardagen der ein får høve til å konsentrera seg om påskebodskapen gjennom ord og tonar.