Høgre, KrF, Venstre og Frp har kalla inn til pressekonferanse på Fitjar Rådhus i dag kl. 14.00. Det kan tyde på at det vert ordførarskifte i Fitjar. Invitasjonen til pressekonferansen er signert leiarane i dei respektive partia etter hektisk møteverksemd i går kveld. Kven som blir ny ordførar, eller kva denne blokka er blitt samde om, veit me truleg meir om etter klokka 14.00