Offisiell opning av leikeplass på Vestbøstad er flytta frå laurdag 13. september til søndag 14. september kl.13.00, opplyser Frode Brakedal i Vestbøstad Vel til fitjarposten.no.

Etter ein omfattande dugnadsjobb er no leikeplassen i skogen klar for opning. Ordførar Harald Rydland vil stå for den offisielle delen, og er me heldig tar han også ein trall på trekkspelet, skriv Vestbøstad Vel på sine heimesider. Dei oppmodar alle i feltet til å møta opp.